feb 27

Her på Bali har me da kjempeflott – med andre ord baik baik! Da e kjempemasse å sjå, vanskelig å sortera alle inntrykkene. Når me går og kjøre langs vegane ser me frodige palmer, bodar med identisk «balinesisk-utvalg» og flotte villaer – men da e og mange syltynne kyr, hundar og kattar rundtom. I tillegg e da ungar som tigge eller vil selga deg ting overalt. Da e ekkelt å tenka på den store kontrasten som e veldig tydelig her nede. Men sjølv om da e masse fattigdom her nede, e nesten alle ein møte på lika hyggelige og trivlige – me kan nesten ikkje gå forbi ein lokal før han eller ho spør «How are you?» eller «Where are you from?». Eg e i alle fall sikker på at da e mange gode grunnar til å lika Bali – ein grunn e so simpel at dei har gul lypsyl her nede! 😉

Sjølv om me har hatt ein rolig start her nede, har me allerede opplevd masse! Ein indonesisk professor gav aoko ein kjapp innføring i balinesisk historie og kultur, me har gått langs stranda frå Seminyak til Kuta og fått bada i havet og bassengene! Me har hatt fellesmiddag med dei andre 26 jentene, i tillegg har me fått testa utelivet i Kuta:)

Etter ein dag på den fantastiske Gegerstranda i Nusa Dua, gjorde me storinnkjøp på ein enormt kjøpesenter. For å kryssa vegen måtte me faktisk ta taxi (!) Men her fekk me tak i etterlengta frukt og grønnsaker! No vente ei god natt søvn før undervisning i exphil starte 09:00 i måro!

feb 24

Ahh- Balii! <3

Bergen – Oslo – München – Qatar – Singapore – Denpasar; da er allerede verdt turen! Qatar Airways hadde uendelig med underholdning som gjorde at timane ombord gjekk overraskande fort. Når me landa på Bali var da herlig å kjenna 30 plussgrader på kroppen etter den lange vinteren heima. Etter 15 minutt i bil kom me til Villaen Uma River – som knuste alle høge forventningar! Heilt ubeskrivelig!

Førsteinntrykk; trafikken er totalt forvirrande, menneskene er smilande og imøtekommande, uvant med froskar, appelsintre, firfirsler og basseng i hagen, og underlig med hushjelp som slår oppi coca-cola til deg.. Ser virkelig fram til å få oppleva og nyta Bali i 3mnd.!

God natt!