mai 09

Siste dag i paradis!

Heilt uvirkelig at me faktisk ha komme til siste dagen her nede.. Heilt uvirkelig at me har vore her i 3 mnd og at om litt øve 1 døgn er eg tilbake til kvardagen i Eidfjord :p Eg har i alle fall hatt da heilt FANTASTISK! Me satt i går å skulle trekka fram høgdepunktet med Bali, men me konkluderte alle med at da e umulig å trekka fram ein opplevelse som slår den andre! Når eg tenke tilbake på rismarker, rafting, Kuala Lumpur, tandem jump, delfinsafari, vulkanbestigning, fossefall, varme kilder, pruting og alle dei ubeskrivelig strendene so veit eg at Balioppholdet vart akkurat sånn eg hadde drømt om 🙂

Sjølv om følelsane for heimreise er veldig splitta, so veit eg at eg ikkje seie farvell til Bali for alltid 🙂 Blir herlig å sjå alle heima igjen, få eta grovbrød med brunost og drikka eit iskaldt glas med skumma mjølk! ..Likavel er det trist å sei hada til alle dei kjekke jentene me har blitt kjent med, og til å forlata øye som virkelig er paradis i mine auger! 🙂

Dagen i dag skal bli brukt til dei siste ærendene, forhåpentligvis litt soling – i tillegg skal me nytta aoko av dei gode tilbudene dei har her for manicure og pedicure 😉 Bildene er i frå siste kvelden der alle jentene grilla og koste aoko på ei strand heilt for aoko sjølv.. 🙂

Skriv et svar