Litt trist at me er ferdige med den siste fellesutflukten, men for ein opplevelse! Langs bussturen til Lovina på fredag stoppa me med Ulun Danu-tempelet, dessverre vart da ikkje nåken bra bilder sidan det var regnvær og skodda :/ Hotellet me budde på, Aditha beach resort, låg fint plassert rett med strande og omringa av eksotiske palmer 🙂
Fredagskvelden åt me fellesmiddag på ein Thai-restaurant, mange nye smakar som brant godt i munnen 🙂 Eg hadde sitt for meg Lovina som ein litt stor by, men det var i grunn berre ei hovedgata som bestod av dei klassiske bodane, kioskane og restaurantane 🙂 Den største forskjellen frå Seminyak og Kuta-områdene var turisten som mangla 🙂
Lørdagsmorgon vart me henta med buss og kjørt til ei lita havn ca. 1,5time frå hotellet. Herifrå gjekk turen vidare i små lokale båtar til Menjangan, som rett og slett e paradis for snorkling og dykking! Nydelig korallar og enormt med fargerike og nysgjerrige fiskar – heilt fantastisk! 😀 Om kvelden åt me buffet-middag på hotellet, der det var balinesisk danseoppvisning til ein ganske so sær musikk 😉
Wake-up call kl. 05:30 va forklaringe på at lørdagskvelden gjekk so fint for seg som den gjorde 🙂 Me reiste tidlig ut i endå mindre lokale båtar, der me fekk sjå delfinar bada seg i soloppgangen 😀 Det var ikkje sikkert at me fekk sjå delfinar, sidan tidligare studentar har opplevd å ikkje sjå nåken – men i dag hoppa og leikte både store og små delfinar seg, rett rundt båten aokans! Kjekt å sjå dei i fri natur 🙂 På veg tilbake igjen stoppa me på eit marked der eg fekk kjøpt litt pakkar og dill til meg sjølv 🙂
For eit paradis me e i! 😀
Å, så flott 🙂 Fantastiske bilder!
De er jammen heldige!
Nyt resten av dagane der nede!