Sjølv om eg ikkje reiste til Bali for å bli klok på filosofien, starta me med forelesing i exphil på mandag. Heldigvis har me vå heldig med forelesaren – han e interessert i faget han undervise i, nåke so gjer at da e masse lettare å følga med! Skuledagen vare frå 9-12, der 45 minutt e pause – så da e ikkje akkurat synd i meg..
Dagane går fort her nede, og me føle allerede me har for kort tid til å gjera alt me har lyst til. Denna veko har sykkelen blitt flittig brukt, me har blitt bedre kjent i gatene og funne snarveg til skulen. Da e vanskelig å ikkje tiltrekka seg oppmerksom på den rosa sykkelen, alle smile og helse- og nåken rope «I love you» i forbifarten. Ellers har me begynt med yoga, der Jenny som e studentkoordinator for Kulturakademiet e instruktør, me har vå til Gegerstrande igjen og me ha prøvd ut ulike restaurantar ilag med dei andre jentene 🙂
I dag (lørdag 05.03) e da Nyepi Day, som er nyttårsfeiringe på Bali. I eit par-tre dagar har me sitt dei store monstrene av bambus som lokalbefolkninge har laga, kjent som «Ogoh-ogoh», rundtom i gatene. Desse skal symbolisera alle dei onde åndane som skal fjernast i frå øye. Dagen før Nyepi Day e da sjølve paraden e, der lokalbefolkningen samle seg i tog og bære med seg dei store monstrene gjennom gatene. I toget skal dei laga mest mulig støy, med hjep i frå blant anna gongongar og trommer. Poenget med detta e å skremma vekk alle onde åndar og demonar som e på øye. Ette å ha gått i gatene ha eg lest at dei skulle samla seg på strande for å brenna Ogoh-ogoh, men detta såg dessverre ikkje me nåke til. Seremonien var ganske stilig, dei dansa med dei store monstrene og folk i alle aldrar var å sjå i gatene. I dag derimot skal ingen visa seg utanfor husene sine, fø i dag e da «Silent Day». I dag skal dei lura dei onde åndane til å tru at øye e forlatt, sånn at dei fyk forbi og ikkje blir igjen på Bali 🙂
Når da gjelde tropeværet, så har ikkje da lagt nåke hinder fø aoko:) Regnet kan plutselig komma på dagtid, men då e da berre oppfriskande! Me ha hatt fleire lange regnskurer, men desse har så langt berre komme på kveldstid:) Torden som ikkje kan måla seg med torden heima, og lyn som lyse opp mørklagte gater e og ein ting me har blitt vane med 🙂 Når strømmen går i villaen e da vekk med pc og fram med stearinlys – nåke so får meg til å håpa at strømmen går oftare 😉