mar 15

Udayana universitetet & Kuala Lumpur

Etter forelesing i dag reiste me med buss til Udayana universitet i Denpasar. Kulturakademiet har arrangert denna turen i tidligare semester, og alltid har studentar vå fornøyd med besøket. Poenget med besøket e å komma i kontakt med lokalbefolkninge og kanskje bli kjent med kulturen og tradisjonar gjennom desse. Me møtte mange studentar i inngangspartiet, der me – ein frå Norge og ein frå Bali – gjekk inn i eit klasserom og begynte å prata :p Eg trudde opplegget kom til å bli ganske formelt og pinlig, men da var veldig enkelt å holda ein samtale med jento eg vatt «plassert med». Ho heitte Desak Astri, var 21 år og gjekk siste året på engelskstudiet ved Udayana universitetet. Me utveksla nummer, facebook og fann ut at me i villaen + dei nye kjente skulle møtast ein dag i neste veka for å eta middag i lag. Synnøve vart faktisk invitert i bryllup av ho som ho kom i prat med – håpe me i villaen får vera med på da! No vente yoga med Jenny, deretter siste innspurt når da gjelde 1. utkastet i semesteroppgavo i exphil :S 🙂

Ellers e da nya herifrå at eg og Oda ska til Kuala Lumpur 26.03-01.04! 😀

Skriv et svar